tilkvitveisside
omslagtilnettside2014-2

Aust i Vika 2014 Årbok for Østfold Mållag

149.00 kr

(Klikk det minste bildet for å sjå omslaget)
Aust i Vika 2014 er den tiande årgangen av årboka til Østfold Mållag. Artiklane som blir presenterte her, viser eit stort spenn av interesser og sjangrar. Mykje handlar likevel om dialekter og språk, blant anna vil lesarane finne ein brei gjennomgang av målføret i Sarpsborg.
Boka formidlar også skjønnlitteratur og historie, essayistikk og eit og anna ironisk sidespark.
Som markering av at Grunnloven fyller 200 år i år, inneheld boka eit forsøk på å skrive delar av lovteksten på østfoldmål.

Forfattarar i boka:

Gunnar Ottne, Ragnhild Lier, May Grethe Lerum, Stefan Andreas Sture, Hild Haaheim, Øyvind Bremer Karlsen, Kari Mørk, Marit Øgar Aasbrenn, Magne Aasbrenn, Morten Tutturen. Omslagsbildet er tatt av Randi Larsen.

(Kvitveis sel bøkene i kommisjon for Østfold Mållag. Heile kjøpssummen går til Østfold Mållag)

In Stock

Reviews

There are no reviews yet, would you like to submit yours?

Be the first to review “Aust i Vika 2014 Årbok for Østfold Mållag”

*