Høyr Kvitveis-forfattarane lese
Av | Publisert i Kvitveis Forlag
Oct
26

Avisa Smaalenene besøkte arrangementet Indre Østfold Mållag hadde i Randulfstua i Askim onsdag 15. oktober og gjorde fine opptak av både Kari Mørk og Øyvind Bremer Karlsen som las og heldt foredrag frå bøkene sine Langs veiæne og Gødtære enn prim . 

Kari snakka om uttrykket å vera «svær». På indre østfoldsk er det å vere høg på pæra eller stikke seg ut. Ikkje bra i eit lite bygdesamfunn.

Ord som «ryggær», «plassær», «fælen», «guttestælkær» og «tælpær» blei også servert denne kvelden.

Øyvind kåserte fritt på grunnlag av boka si med ordtak, munnhell og hermer. I beste “stand-up” stil stod han for eit muntert og folkeleg innslag denne kvelden.

Sjå video av Kari og Øyvind som les!

Bestill bøkene her:

Kari Mørk: Langs veiæne

Øyvind Bremer Karlsen: Gødtære enn prim