Nokre få eksemplar igjen av Østfold Mållags årbok 2012
Av | Publisert i Kvitveis Forlag
Jan
04

1. og 2. opplag av årboka til Østfold Mållag blei nesten heilt selt ut før jul. Nå har vi nokre få eksemplar igjen på lager, som ventar på den som er kjapt ute! Bok + porto kostar kr. 130,-.

Som vanleg finn ein eit stort spekter av interesser og innspel i boka. Her er noko av innhaldet:

Gerard Doetjes har eit fint essay om korleis språk liknar på gamle byar. Både språk og byar er i stadig endring. Oppbygginga er ikkje alltid logisk.
Edvard Mogstad skriv meir om historiske namn i Østfold, og han har funne enda fleire parallellar mellom namn i Nedre Glomma og den yngre Edda. Han gjer seg også tankar rundt Snorres heimskringla.
Jacob Nicolai Wilse (1736-1801) var inspirasjonskjelda til den fine turen laget hadde til Spydeberg prestegard i september. Årboka har utdrag frå ordsamlinga hans.
Margit Harsson er førsteamanuensis i namnegransking ved Universitetet i Oslo. Ho skriv om dei ti favoritt-stadnamna sine i Østfold.Randi Larsen, lærar i Fredrikstad, står for lyrikk og fotografering. Øyvind Bremer Karlsen har også lyrikk med i boka.
Benthe Kolberg Jansson og Arnstein Hjelde er førstelektorar ved Høgskolen i Østfold i Halden.Benthe skriv om korleis det er å halde akademiskeforedrag på Gressvik-dialekt ymse stader i Noreg, og Arnstein fortel frå innsamlingsarbeidet han gjer i USA, der han drar rundt og samlar inn målprøver frå utvandra nordmenn.

(Dersom du vil gjere tinginga på enklast mogleg vis, sender du berre ein e-post til kvitveis@kvitveis.no. Kvitveis forlag sel boka i kommisjon, og  overskotet går til mållaget).