Velkommen til Kvitveis forlag!
Av | Publisert i Kvitveis Forlag
May
15

Kvitveis forlag i Fredrikstad har drive småforleggeri sidan 1989, med Marit Øgar Aasbrenn og Magne Aasbrenn som “forlagsdirektørar” i heimen i Bjørndalsvegen 47.

Vi har formidla rundt 40 bøker og hefte med stikkord kultur, språk og historie, det meste med utspring i Østfold. Samtidig likar vi å tenke at det nære, sære og eigne også kan vere interessant for folk i andre delar av landet og verda. Det superlokale er på sett og vis det mest internasjonale.

Tidlegare heitte vi “Hvitveis forlag”. Namnebytet i 2012 signaliserte eit språkleg standpunkt til støtte for nynorsk og dialekt.

Under fliken “Bokhandel” finn du alle bøkene våre, ordna alfabetisk etter tittel. Derifrå kan du klikke bøker over i “Handlevogn”, og frå handlevogna blir du sendt vidare til eit bestillingsskjema. Skjemaet går til oss, og så pakkar vi boka/bøkene pent inn og sender dei i posten til adressa di med ein innbetalingsgiro lagt ved. Erfaringsmessig er det slik at dei som vil ha bøkene vi gir ut, betaler for seg kvar gong! Prisen vi bereknar oss for å sende bøkene, er kr. 49,- same kor mange bøker du bestiller  – så da lønner det seg å bestille mange! ;-)

Fleire av bøkene våre kan du også få som e-bøker for Amazon Kindle eller iPad. Da klikkar du fliken “E-bøker” og går vidare derifrå. Vi har kortbetaling på e-bøkene.

Vi distribuerer også bøker som er gitt ut av Østfold Mållag – og da går heile fortenesta til laget.