Aust i Vika 2017!
Av | Publisert i Kvitveis Forlag
Feb
28

Den nyaste årboka til Østfold Mållag er Printpå 96 sider med denne lesemenyen:
Ragnhild Lier skriv om Tuneskipet og nye planar om å sjøsette ein rekonstruert versjon av det. Ho skriv òg om Arnt Bergby frå Sarpsborg, som var aktiv målmann der og grunnla BUL Sarpsborg.
Ivar Aasen var i Østfold i heile september 1853 og utdrag av orda han samla finst i denne boka samanlikna med nynorsk og bokmål.
Eldbjørg Skaug skriv om Aasens opphald i Eidsberg, og ho har òg svært gode artiklar om barnearbeid og om historia til storgarden Lekum.
Marit Øgar Aasbrenn skriv barndomsminne frå Rømskog med mormor som den aller viktigaste.
Edvard Mogstad skriv om ein minnerik kamp på Sarpsborg Stadion der det var politiske undertonar i eit møte mellom Egil «Drillo» Olsen og ein Strømsgodset-spelar.
Håvard Tangen skriv om løytnant Hans Fleischer Dons, som var den første norske flygaren som flaug frå Vestfold til Østfold i 1912.
Magne Aasbrenn skriv om teknologi i framtida. Allereie er det slik at robotane snakkar til oss og (delvis) skjønner kva vi seier. Kva tyder dette for språkutviklinga?
Gunnar Ottne ser nærmare på det som skjedde med talemålsutviklinga i Sarpsborg den tida han voks opp. Var det verkeleg «overklassefiffen» som hadde skulda for at folk snakka mindre dialekt?
Håvard Rem har skrive eit langt essay til Dag og Tid om Østfold som «Porten til Noreg». Her får vi eit godt inntrykk av korleis Østfold og folket her ser ut «frå utsida».
Skjønnlitterære innslag er det òg i boka. Her er dikt av Morten Tutturen og Øyvind Bremer Karlsen og ei novelle med sommarmotiv av Rune Østhagen.