Den nye årboka til Østfold Mållag er klar!
Av | Publisert i Kvitveis Forlag
Nov
29

PrintI Østfold Mållags årbok Aust i Vika 2016 kan ein lese om det som skjedde hausten for 60 år sidan da gymnasiastsamfunnet i Fredrikstad arrangerte brenning av samnorskbøker. Grunnen til at bøkene måtte på bålet, var at dei inneheldt former som «mjøl» og «reint» og «sjøl», altså former som blei innført i bokmål for å tilnærme det til nynorsken.

11 lærebøker blei vedtatt for brenning ved det som nå er Cicignon skole 1. september 1956. Hendinga blei dekt av Morgenposten i Oslo og blei dermed ei riksnyheit. «Personlig vil jeg anse bokbålaksjonen i Fredrikstad som årets gledeligste begivenhet på sprogfronten,» skreiv André Bjerke da. Denne aksjonen blir skildra i ein lokal, språkhistorisk artikkel som begynner med at Ivar Aasen for første gong besøkte Østfold i 1853. Artikkelforfattar Magne Aasbrenn tar for seg historia heilt fram til oktober 2016, da det var nynorskfestival i Fredrikstad og Fredriksstad Blad kom ut digitalt på nynorsk.

Boka har også artige «stubbær» frå Sarpsborg og Indre Østfold. Øyvind Bremer Karlsen har med ei røff novelle frå arbeidsmiljøet ved Askim Gummivarefabrikk, og Rune Østhagen skriv frå Østerdalen.

Meir faglege artiklar om språk høyrer også heime i ei slik bok. Ein finn blant anna ein liten grammatikk som samanliknar Oslo Aust-dialekta med østfolddialektene, skrive av Vegard Storsul Opdahl som har vakse opp på Holmlia, og ein artikkel om innverknaden engelsk har på norsk. I tillegg kjem eit essay av Ingunn Saur Modahl – og lyriske innslag.

Omslagsfoto: Randi Larsen

Bestill boka her