Ny-aktuell bok: Ferdaminne Fredrikstad
Av | Publisert i Kvitveis Forlag
May
15
ferdaminneomslagjpg

Magne Aasbrenn blei vald til ny leiar i Noregs Mållag i april 2016. Mållagsengasjementet hans går meir enn 25 år tilbake og i denne perioden har han skrive ein god del om nynorsk, østfolddialekt og språk generelt. I boka Ferdaminne Fredrikstad frå 2012 er mange av desse artiklane samla. Det meste er tidlegare prenta i Klassekampen, Fredriksstad Blad, Demokraten, Dag og Tid og andre publikasjonar – her finn ein blant anna ein god del stoff om skiftande nynorske rettskrivingar og artiklar frå sommaren 1998 da Noregs Mållags la landsmøtet sitt til i Fredrikstad.

Boka kostar 198,- og kan bestillast her: