Category Archives: Kvitveis Forlag

Om “Langs veiæne” i Farsunds Avis

Fjorårsboka til Kari Mørk, “Jentungen”, selde best to stader i landet – det var i Indre Østfold og på Sørlandet. Det siste er kanskje overraskande – heilt til ein får med seg at Kari er busett i Lyngdal ved Farsund. Nå har første presseomtale av den nyaste boka hennar, “Langs veiæne” komme i Farsunds Avis. […]

| Leave a comment

Kari Mørk vidare “Langs veiæne”

  Kari Mørk kjem i desse dagar med ei ny bok med oppvekstminne frå ein barndom i Spydeberg. Fjorårets Jentungen fekk ein ivrig lesarkrets – også utanfor heimfylket. Oppfølgaren heiter ”Langs veiæne” og byr på fleire historier frå ei tid som kanskje ikkje er så lenge sidan, men som likevel kjennest veldig forskjellig frå vår. […]

| Leave a comment

Den nye årboka til Østfold Mållag kan tingast frå Kvitveis

  Sidan 2005 har Østfold Mållag gitt ut årboka Aust i Vika før jul. I boka for 2013 kan ein lese om dialektfesten “Prekæs”, om arbeidet til språkgranskaren Ingeborg Hoff, om kva som skjedde da ein elevgjeng med veldig kort butid i Noreg sette opp “Folk og Røvere i Kardemomme by” og mykje anna. Til […]

| Leave a comment

Aktuell bok: “Ferdaminne Fredrikstad” av Magne Aasbrenn

Østfolddialektene er aktuelle i media for tida, og ein av dei som uttaler seg i NRK-serien “Dialektriket” er Magne Aasbrenn. Han er leiar for Østfold Mållag og har i ei årrekke publisert artiklar om språksituasjonen i Østfold. I 2012 blei desse artiklane samla i boka Ferdaminne Fredrikstad. Det meste er tidlegare prenta i Klassekampen, Fredriksstad […]

| Leave a comment

Grundig omtale av Øyvind Bremer Karlsens forfattarskap i Smaalenene

I helge-utgåva av avisa Smaalenene er det eit intervju med Øyvind Bremer Karlsen med spesiell fokus på boka hans “Gødtære enn prim”. Øyvind fortel at han har fått god hjelp av biblioteket i arbeidet med boka, og han understrekar kor viktig det er at biblioteka framleis skal vere gratis. Eit anna utdrag av Guri Rønnings […]

| Leave a comment

Hør intervju med Kari Mørk på NRK Østfold

Jørn Enger i NRK Østfold har laga eit fint, lite portrett av Kari Mørk og boka “Jentungen” for NRK Østfold radio. Intervjuet med ho begynner på 01:32:50 i dette opptaket. Verd å lytte på! Kari Mørk på NRK Østfold

| Leave a comment

Smaalenenes Avis har møtt Kari Mørk på heimebane

Faksimile frå Smaalenenes Avis 06.06.2013. Tekst og foto: Guri Rønning    I dag har journalist Guri Rønning i Smaalenenes Avis vore ute med Kari Mørk på barndommens trakter i vakkert forsommarvêr. Resultatet er ein fin reportasje med gode foto frå stadene der oppvekstminneboka “Jentungen” utspelar seg. “Det er jo spesielt besteforeldrene mine jeg tenker på når […]

| Leave a comment

Fin omtale for Kari i Farsunds Avis

Kari Mørk – som har gitt ut boka Jentungen på forlaget vårt i vår – har i dag fått fin omtale i Farsunds Avis. Avstanden Spydeberg-Farsund kan verke lang, men forklaringa på dette oppslaget er at Kari har budd i Lyngdal i 30 år. Kanskje det er avstanden som gjer at ho skriftleg har tatt […]

| Leave a comment

To nye bøker med klang frå Indre Østfold

I vår har Kvitveis forlag gitt ut to nye bøker med klang frå Indre Østfold. Jentungen er oppvekstskildringar skrivne av Kari Mørk – bygd på opplevingar i eigen barndom på ein gard i Spydeberg. Pris: 198,- Gødtære enn prim! er resultatet av nedskrivingar Øyvind Bremer Karlsen har gjort over fleire tiår. Boka inneheld ein kulturskatt […]

| Leave a comment

Nokre få eksemplar igjen av Østfold Mållags årbok 2012

1. og 2. opplag av årboka til Østfold Mållag blei nesten heilt selt ut før jul. Nå har vi nokre få eksemplar igjen på lager, som ventar på den som er kjapt ute! Bok + porto kostar kr. 130,-. Som vanleg finn ein eit stort spekter av interesser og innspel i boka. Her er noko av […]

| Leave a comment