Om “Langs veiæne” i Farsunds Avis
Av Magne Aasbrenn | Publisert i Kvitveis Forlag
May
18

Fjorårsboka til Kari Mørk, “Jentungen”, selde best to stader i landet – det var i Indre Østfold og på Sørlandet. Det siste er kanskje overraskande – heilt til ein får med seg at Kari er busett i Lyngdal ved Farsund. Nå har første presseomtale av den nyaste boka hennar, “Langs veiæne” komme i Farsunds Avis. Om du har lyst til å kjøpe boka eller bare bla litt digitalt, klikk linken “Bokhandel” ovanfor.

Kari Mørk vidare “Langs veiæne”
Av Magne Aasbrenn | Publisert i Kvitveis Forlag
May
04

 

Kari Mørk kjem i desse dagar med ei ny bok med oppvekstminne frå ein barndom i Spydeberg. Fjorårets Jentungen fekk ein ivrig lesarkrets – også utanfor heimfylket. Oppfølgaren heiter ”Langs veiæne” og byr på fleire historier frå ei tid som kanskje ikkje er så lenge sidan, men som likevel kjennest veldig forskjellig frå vår. Boka er illustrert med stemningsfulle svart-kvitt-foto.
Også i ”Langs veiæne” skriv Kari Mørk på Spydeberg-dialekt, og den jordnære Østfold-tonen gir liv til detaljane i kvardagslivet.

Du kan bla litt i boka her: http://www.blurb.com/books/5213896-langs-veine

Gå til fliken “Bokhandel” for å kjøpe boka på nett. Ho kostar kr. 198,- + porto.

Laurdag 10. mai kl. 12.00 skal Kari presentere ”Langs veiæne” under eit arrangement på Fernanda bokkafé på Aslakstrøm gård i Aremark. Alle som har lyst til å sjå det indre av Østfold på sitt vakraste i mai, er så klart velkommen til å vere med på det! Gratis adgang.

Klikk her og finn Facebook-sida til arrangementet:

Kari Mørk og “Langs veiæne” på Aslakstrøm gård

Den nye årboka til Østfold Mållag kan tingast frå Kvitveis
Av Magne Aasbrenn | Publisert i Kvitveis Forlag
Nov
29

 

Sidan 2005 har Østfold Mållag gitt ut årboka Aust i Vika før jul. I boka for 2013 kan ein lese om dialektfesten “Prekæs”, om arbeidet til språkgranskaren Ingeborg Hoff, om kva som skjedde da ein elevgjeng med veldig kort butid i Noreg sette opp “Folk og Røvere i Kardemomme by” og mykje anna. Til sist i boka blir det presentert nokre glimt frå livet til Fredrikstad Mållag, som er 20 år i år. Boka kostar kr. 149,- . Bestill lettast med e-post til kvitveis@kvitveis.no.

Du kan bla litt i boka her: http://www.blurb.com/books/4886073-aust-i-vika-2013

Tysdag 3. desember kl.18.00 lanserer Østfold Mållag boka  i Café Joker på Litteraturhuset i Fredrikstad. Fleire av forfattarane vil vere til stades og lese frå boka, og det blir opna opp for debatt og samrøre om emna ho tar opp. Arrangøren går for hyggeleg og jovial stemning.

Aktuell bok: “Ferdaminne Fredrikstad” av Magne Aasbrenn
Av Administrator | Publisert i Kvitveis Forlag
Nov
10
baksideportrett

Østfolddialektene er aktuelle i media for tida, og ein av dei som uttaler seg i NRK-serien “Dialektriket” er Magne Aasbrenn. Han er leiar for Østfold Mållag og har i ei årrekke publisert artiklar om språksituasjonen i Østfold. I 2012 blei desse artiklane samla i boka Ferdaminne Fredrikstad. Det meste er tidlegare prenta i Klassekampen, Fredriksstad Blad, Demokraten, Dag og Tid og andre publikasjonar, men det er også nokre tekstar her som er på trykk for første gong. Boka i innbunden utgåve kostar kr. 198,- fritt tilsend og kan enklast tingast med ein e-post til kvitveis@kvitveis.no.

Følg denne lenka for å “bla” litt i boka:

Ferdaminne Fredrikstad

Grundig omtale av Øyvind Bremer Karlsens forfattarskap i Smaalenene
Av Magne Aasbrenn | Publisert i Kvitveis Forlag
Oct
20
oyvindbremer

I helge-utgåva av avisa Smaalenene er det eit intervju med Øyvind Bremer Karlsen med spesiell fokus på boka hans “Gødtære enn prim”. Øyvind fortel at han har fått god hjelp av biblioteket i arbeidet med boka, og han understrekar kor viktig det er at biblioteka framleis skal vere gratis. Eit anna utdrag av Guri Rønnings tekst:

” – Det har vært moro å jobbe med det. En del av stoffet har jeg faktisk hentet fra mine år som arbeider på Viking, her i lokalene hvor Smaalenenes Avis holder til nå, sier Karlsen.”

Les resten av intervjuet og ein presentasjon av Kvitveis forlag her:
Avisa Smaalenene: Samlet kulturskatt

Hør intervju med Kari Mørk på NRK Østfold
Av Magne Aasbrenn | Publisert i Kvitveis Forlag
Aug
18

Jørn Enger i NRK Østfold har laga eit fint, lite portrett av Kari Mørk og boka “Jentungen” for NRK Østfold radio. Intervjuet med ho begynner på 01:32:50 i dette opptaket. Verd å lytte på!

Kari Mørk på NRK Østfold

Smaalenenes Avis har møtt Kari Mørk på heimebane
Av Magne Aasbrenn | Publisert i Kvitveis Forlag
Jun
06
Faksimile frå Smaalenenes Avis 06.06.2013. Tekst og foto: Guri Rønning

Faksimile frå Smaalenenes Avis 06.06.2013.
Tekst og foto: Guri Rønning 

 

I dag har journalist Guri Rønning i Smaalenenes Avis vore ute med Kari Mørk på barndommens trakter i vakkert forsommarvêr.

Resultatet er ein fin reportasje med gode foto frå stadene der oppvekstminneboka “Jentungen” utspelar seg. “Det er jo spesielt besteforeldrene mine jeg tenker på når jeg hører spøbbærdialekta
for mitt indre øre”, seier Kari.

Smaalenene har også ei tilleggs-sak om Kvitveis forlag
og publiseringa vår av bøkene både som papirbok og e-bok.

Kari fortel at ho har tatt utgangspunkt i landskapet på Kausebøl og personlegdommen til dei som budde der. Men alt som skjer i boka, er fri fantasi, det er dikta opp, seier ho.

Klikk her og sjå oppslaget i Smaalenenes Avis

 

Bestill pocket-utgåva av boka per epost til kvitveis@kvitveis.no
Prisen er 198,- per stk. Faktura følger med, portoen betaler vi.

Fin omtale for Kari i Farsunds Avis
Av Magne Aasbrenn | Publisert i Kvitveis Forlag
May
28

Kari Mørk – som har gitt ut boka Jentungen på forlaget vårt i vår – har i dag fått fin omtale i Farsunds Avis. Avstanden Spydeberg-Farsund kan verke lang, men forklaringa på dette oppslaget er at Kari har budd i Lyngdal i 30 år. Kanskje det er avstanden som gjer at ho skriftleg har tatt så godt vare på østfolddialekta si?

I intervjuet fortel ho at Spydeberg nå har blitt eit pressområde der det tar 40 minutt å komme til Oslo. Da forsvinn det lokale målføret lett.  “Jeg har skrevet denne boken for å ha det gøy og glede andre,” blir Kari sitert på i intervjuet.

Klikk her og les intervjuet med Kari Mørk

Bestill boka per epost til kvitveis@kvitveis.no

Prisen er 198,- per stk. Faktura følger med, portoen betaler vi.

To nye bøker med klang frå Indre Østfold
Av Magne Aasbrenn | Publisert i Kvitveis Forlag
May
20

I vår har Kvitveis forlag gitt ut to nye bøker med klang frå Indre Østfold.

Jentungen er oppvekstskildringar skrivne av Kari Mørk – bygd på opplevingar i eigen barndom på ein gard i Spydeberg. Pris: 198,-

Gødtære enn prim! er resultatet av nedskrivingar Øyvind Bremer Karlsen har gjort over fleire tiår. Boka inneheld ein kulturskatt som både kan gi latter og ettertanke. Pris: 149,-

Bestill bøkene direkte frå oss med e-post til kvitveis@kvitveis.no. Faktura er lagt ved, og vi betaler portoen.

Enda rimelegare er det å tinge bøkene på nett frå Blurb.com i Nederland via desse lenkene (finst både som papirbok og e-bok):
Jentungen
Gødtære enn prim!

Hos Blurb betaler ein med kredittkort – leveringstid 1-3 veker.

Framleis glad i å “bla” i bøkene fysisk før du kjøper dei? Ta ein tur til Plankebyen, da vel! Bokhandelen i Litteraturhuset i Fredrikstad fører alle dei nye bøkene våre og prioriterer “kortreist litteratur”.

 

Nokre få eksemplar igjen av Østfold Mållags årbok 2012
Av Administrator | Publisert i Kvitveis Forlag
Jan
04

1. og 2. opplag av årboka til Østfold Mållag blei nesten heilt selt ut før jul. Nå har vi nokre få eksemplar igjen på lager, som ventar på den som er kjapt ute! Bok + porto kostar kr. 130,-.

Som vanleg finn ein eit stort spekter av interesser og innspel i boka. Her er noko av innhaldet:

Gerard Doetjes har eit fint essay om korleis språk liknar på gamle byar. Både språk og byar er i stadig endring. Oppbygginga er ikkje alltid logisk.
Edvard Mogstad skriv meir om historiske namn i Østfold, og han har funne enda fleire parallellar mellom namn i Nedre Glomma og den yngre Edda. Han gjer seg også tankar rundt Snorres heimskringla.
Jacob Nicolai Wilse (1736-1801) var inspirasjonskjelda til den fine turen laget hadde til Spydeberg prestegard i september. Årboka har utdrag frå ordsamlinga hans.
Margit Harsson er førsteamanuensis i namnegransking ved Universitetet i Oslo. Ho skriv om dei ti favoritt-stadnamna sine i Østfold.Randi Larsen, lærar i Fredrikstad, står for lyrikk og fotografering. Øyvind Bremer Karlsen har også lyrikk med i boka.
Benthe Kolberg Jansson og Arnstein Hjelde er førstelektorar ved Høgskolen i Østfold i Halden.Benthe skriv om korleis det er å halde akademiskeforedrag på Gressvik-dialekt ymse stader i Noreg, og Arnstein fortel frå innsamlingsarbeidet han gjer i USA, der han drar rundt og samlar inn målprøver frå utvandra nordmenn.

(Dersom du vil gjere tinginga på enklast mogleg vis, sender du berre ein e-post til kvitveis@kvitveis.no. Kvitveis forlag sel boka i kommisjon, og  overskotet går til mållaget).