Den nye årboka til Østfold Mållag er klar!
Av Magne Aasbrenn | Publisert i Kvitveis Forlag
Nov
29

PrintI Østfold Mållags årbok Aust i Vika 2016 kan ein lese om det som skjedde hausten for 60 år sidan da gymnasiastsamfunnet i Fredrikstad arrangerte brenning av samnorskbøker. Grunnen til at bøkene måtte på bålet, var at dei inneheldt former som «mjøl» og «reint» og «sjøl», altså former som blei innført i bokmål for å tilnærme det til nynorsken.

11 lærebøker blei vedtatt for brenning ved det som nå er Cicignon skole 1. september 1956. Hendinga blei dekt av Morgenposten i Oslo og blei dermed ei riksnyheit. «Personlig vil jeg anse bokbålaksjonen i Fredrikstad som årets gledeligste begivenhet på sprogfronten,» skreiv André Bjerke da. Denne aksjonen blir skildra i ein lokal, språkhistorisk artikkel som begynner med at Ivar Aasen for første gong besøkte Østfold i 1853. Artikkelforfattar Magne Aasbrenn tar for seg historia heilt fram til oktober 2016, da det var nynorskfestival i Fredrikstad og Fredriksstad Blad kom ut digitalt på nynorsk.

Boka har også artige «stubbær» frå Sarpsborg og Indre Østfold. Øyvind Bremer Karlsen har med ei røff novelle frå arbeidsmiljøet ved Askim Gummivarefabrikk, og Rune Østhagen skriv frå Østerdalen.

Meir faglege artiklar om språk høyrer også heime i ei slik bok. Ein finn blant anna ein liten grammatikk som samanliknar Oslo Aust-dialekta med østfolddialektene, skrive av Vegard Storsul Opdahl som har vakse opp på Holmlia, og ein artikkel om innverknaden engelsk har på norsk. I tillegg kjem eit essay av Ingunn Saur Modahl – og lyriske innslag.

Omslagsfoto: Randi Larsen

Bestill boka her

 

 

Ny-aktuell bok: Ferdaminne Fredrikstad
Av Marit Aasbrenn | Publisert i Kvitveis Forlag
May
15
ferdaminneomslagjpg

Magne Aasbrenn blei vald til ny leiar i Noregs Mållag i april 2016. Mållagsengasjementet hans går meir enn 25 år tilbake og i denne perioden har han skrive ein god del om nynorsk, østfolddialekt og språk generelt. I boka Ferdaminne Fredrikstad frå 2012 er mange av desse artiklane samla. Det meste er tidlegare prenta i Klassekampen, Fredriksstad Blad, Demokraten, Dag og Tid og andre publikasjonar – her finn ein blant anna ein god del stoff om skiftande nynorske rettskrivingar og artiklar frå sommaren 1998 da Noregs Mållags la landsmøtet sitt til i Fredrikstad.

Boka kostar 198,- og kan bestillast her:

Velkommen til Kvitveis forlag!
Av admin | Publisert i Kvitveis Forlag
May
15

Kvitveis forlag i Fredrikstad har drive småforleggeri sidan 1989, med Marit Øgar Aasbrenn og Magne Aasbrenn som “forlagsdirektørar” i heimen i Bjørndalsvegen 47.

Vi har formidla rundt 40 bøker og hefte med stikkord kultur, språk og historie, det meste med utspring i Østfold. Samtidig likar vi å tenke at det nære, sære og eigne også kan vere interessant for folk i andre delar av landet og verda. Det superlokale er på sett og vis det mest internasjonale.

Tidlegare heitte vi “Hvitveis forlag”. Namnebytet i 2012 signaliserte eit språkleg standpunkt til støtte for nynorsk og dialekt.

Under fliken “Bokhandel” finn du alle bøkene våre, ordna alfabetisk etter tittel. Derifrå kan du klikke bøker over i “Handlevogn”, og frå handlevogna blir du sendt vidare til eit bestillingsskjema. Skjemaet går til oss, og så pakkar vi boka/bøkene pent inn og sender dei i posten til adressa di med ein innbetalingsgiro lagt ved. Erfaringsmessig er det slik at dei som vil ha bøkene vi gir ut, betaler for seg kvar gong! Prisen vi bereknar oss for å sende bøkene, er kr. 49,- same kor mange bøker du bestiller  – så da lønner det seg å bestille mange! ;-)

Fleire av bøkene våre kan du også få som e-bøker for Amazon Kindle eller iPad. Da klikkar du fliken “E-bøker” og går vidare derifrå. Vi har kortbetaling på e-bøkene.

Vi distribuerer også bøker som er gitt ut av Østfold Mållag – og da går heile fortenesta til laget.

Brei omtale i Aftenposten av “Gapestokken i Moss”
Av Magne Aasbrenn | Publisert i Kvitveis Forlag
Nov
19

Det er moro å sjå i Aftenposten 13. november at dei gir brei omtale til barneboka vår Gapestokken i Moss frå 1991. Boka er ein del av kjeldene til markeringa av at det i haust er 175 år sidan sist gapestokken var i bruk i landet. Det skjedde framfor kyrkja i Moss og enda med at “syndaren” fekk pengar i lomma av ein av dei fine fruene i byen.

Framsideteikninga til John Andersen blir slått stort opp, og ho er jo også fin!

Her kan du bestille denne boka for kr. 49,- pluss frakt.

gapestokken

Magne Aasbrenn med ny bok ute: “250 slengerær”
Av Marit Aasbrenn | Publisert i Kvitveis Forlag
Mar
27
portrettstort

Magne litt letta etter å ha gjort unna det “offisielle” pressemøtet med Fredriksstad Blad.

Etter 11 år med skriving og nesten eit halvt år med samling og tekst-ordning er Magne nå ute med den nye boka 250 slengerær – språklige skråblikk 2004 – 2014.  Boka inneheld dei aller fleste språkspaltene han har skrive for Fredriksstad Blad sidan 2004. Slengærane er humoristiske skråblikk på språk og dialekt i Fredrikstad og Østfold. Dei kan nytast ein og ein, dei kan brukast i skulesamanheng, og det er mykje å humre av.

Boka kan du kjøpe i nettbokhandelen vår eller bestille per e-post til kvitveis@kvitveis.no. Boka er i pocketformat og har 371 sider. Prisen er 229,- kroner, og vi reknar oss kr. 49,- til dekking av porto dersom du ikkje bur slik til at leveringa kan skje “manuelt til postkassa di”. Vi legg ved faktura.

250 slengerær – språklige skråblikk 2004 – 2014 er også til sals i bokhandelen i Fredrikstad eller som e-bok til ca 100 kroner her: 25o slengerær for Amazon Kindle

6. mars: Journalist Svein Kristiansen i FB har intervjua “Mr. Dialekt” og avbilda han på Stortorvet. Sjå intervjuet her!

 27. mars: Intervju om boka og Østfold-dialekt-quiz på Framtida.no.

Fin omtale av “250 slengerær” i Demokraten
Av Marit Aasbrenn | Publisert i Kvitveis Forlag
Mar
26

Moro å lese Anders Holstad Lillengs melding av av 250 slengerær i Demokraten 14. mars:

slengarmeldingstor

Høyr Kvitveis-forfattarane lese
Av Magne Aasbrenn | Publisert i Kvitveis Forlag
Oct
26

Avisa Smaalenene besøkte arrangementet Indre Østfold Mållag hadde i Randulfstua i Askim onsdag 15. oktober og gjorde fine opptak av både Kari Mørk og Øyvind Bremer Karlsen som las og heldt foredrag frå bøkene sine Langs veiæne og Gødtære enn prim . 

Kari snakka om uttrykket å vera «svær». På indre østfoldsk er det å vere høg på pæra eller stikke seg ut. Ikkje bra i eit lite bygdesamfunn.

Ord som «ryggær», «plassær», «fælen», «guttestælkær» og «tælpær» blei også servert denne kvelden.

Øyvind kåserte fritt på grunnlag av boka si med ordtak, munnhell og hermer. I beste “stand-up” stil stod han for eit muntert og folkeleg innslag denne kvelden.

Sjå video av Kari og Øyvind som les!

Bestill bøkene her:

Kari Mørk: Langs veiæne

Øyvind Bremer Karlsen: Gødtære enn prim

Samanlikna med Prøysen
Av Magne Aasbrenn | Publisert i Kvitveis Forlag
Aug
28

NRK Østfolds Jørn Enger har intervjua Kari Mørk om den nye boka Langs veiæne , og han gir boka ein smigrande karakteristikk: “”Det er litt sånn Prøysen, synes jeg, over den nye boka di – hverdagsopplevelser i et landlig miljø.”
Få med deg dette hyggelege intervjuet frå “Morran i Østfold” 25. august, der Kari les frå boka og snakkar om forholdet mellom verkelege hendingar og det som er skildra i boka, om faren Petter Mørk og fleire andre emne.

Gå til 2:12:00 i sendinga.

http://radio.nrk.no/serie/distriktsprogram-oestfold/DKOS02016814/25-08-2014

 

Bestill Langs veiæne for kr. 198,-

 

Om “Gapestokken i Moss” på NRK P3
Av Magne Aasbrenn | Publisert i Kvitveis Forlag
Aug
28

NRK Radios ungdomskanal P3 tar opp eit tema for ein bokstav kvar veke. Da bokstaven G blei til “Gapestokk” 25. august, ringde dei meg om den 22 år gamle barneboka Gapestokken i Moss. Det er er jo ei artig historie “frå det verkelege livet” som ligg til grunn for den boka, så det var eit lett tema å ta opp. Moro at programleiar Jonas har lagt på lydkulissar til soga om da Ola Mand blei den siste i landet som øvrigheita plasserte i gapestokk. (Gå til 01.15.00 ut i programmet)

http://radio.nrk.no/serie/hallo-p3/MYNF34006414/25-08-2014#t=1h14m32s 

…og vi har framleis ein del eks. av denne boka igjen om nokon er interessert!

Kjøp Gapestokken i Moss for kr. 49,-

Fin omtale av “Langs veiæne” i Smaalenenes sommaravis
Av Magne Aasbrenn | Publisert i Kvitveis Forlag
Jun
14

 

Avisa i Indre Østfold, Smaalenene, har eit fint intervju med Kari Mørk og ei god melding skrivenav Rose Korol i dag. I intervjuet snakkar Kari litt om dialektutviklinga og røpar at ho har fleire konkrete skriveprosjekt på beddinga.

I meldinga skriv Korol blant anna:
“MØRK ER god på detaljer, og er tydelig opptatt av å føre videre gammel kunnskap, tradisjoner og tenkemåter. Likevel er det først og fremst Mørks spesielle sans for Indre Østfold-dialekta som gjør leseropplevelsen unik, og vekker den gamle tida til live. Det er et svært imponerende stykke dialektarbeid forfatteren har utført, og mye av bakgrunnen for boka er kanskje også nettopp ønske om å gjøre oss mer bevisst på dialektrikdommen vår. Dialektene fungerer imidlertid også som et  fint litterært virkemiddel. De er med på å underbygge den jordnære, uhøytidelige tonen, og gir scenene som utspiller seg ekstra autensitet.”

 

Du kan bla litt i boka her: http://www.blurb.com/books/5213896-langs-veine

 

Gå til fliken “Bokhandel” for å kjøpe boka på nett. Ho kostar kr. 198,- + porto.